KICK OFF PÅ KORSFJELLET!

KICK OFF PÅ KORSFJELLET!

Måndag 08.11.21, klokka 09:15, steig ein lystig gjeng usk`are inn på bussen. Vi set fart mot Orihuela.

Dagens mål? Cruz de la Muela, aka Korsfjellet. For ein måte å starte veka på!

Det viktigaste målet for dagen var sjølvsagt å komme seg ut i det fri, vere fysisk, kose seg, preike saman og berre nyte den vakre naturen rundt oss. Men, på vegen opp kom vi over nokre postar hengande i trea rundt forbi....Que raro...

I veke 46 har vi Kreativ Samarbeids Uke (KSU) på skulen, og fjellturen i veke 45 blei ein liten kick off med tanke på kva som er tema for KSU-veka. Elevane fekk ulike oppgåver knytt til tema som dei måtte diskutere saman. Her måtte ein både reflektere, dikte og øve på dansetrinn.

Ungdommen (og lærarane) på USK er spreke som fy, så vi nådde toppen ganske kjapt. Det gav oss god tid til å slappe av ved korset, nyte ei herleg utsikt, ete matpakka, danse litt....og preike meir.

Konklusjon:

1) Vi er megaklar til veke 46

2) Dette var ein strålande dag, ergo, vi skal på ny fjelltur snarast!

Hanne Line

Tilbake til oversikt